Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Hordatunet, Siddisland, Kystpuls, Oslo og Lesernes ringblad (tysdag 30. juni 2009) og 4 andre…

Vinn jubileums-CD frå Førdefestivalen

CD’-ar

For å markere opninga av denne Origo-sona for festivalvener vil Førdefestivalen trekkje ut vinnar av jubileums-CD’en blant dei som bidrar. Dette er gjestene, artistane, sponsorane og andre interesserte sine sider før, under og etter festivalen. (Dei offisielle sidene med info frå festivalleiinga er på fordefestival.no").

Del festivalminnne i tekst og bilete her i sona, still spørsmål, diskuter, gje og få tilrådingar om artistar og tilskipingar m.m. Sjå t.d. korleis Espen S. har teke i bruk sona.

Bidra her!

Sjølv om du ikkje skal vere med på festivalen i år, kan det hende du kjenner att noko i programmet. Då er det fint om du klikkar på arrangementet og skriv kva dine opplevingar er med desse utøvarane frå før, eller kva forventningane dine er. Du er likevel med i trekninga om CD.

Du kan også enkelt markere dei tilskipingane du skal delta på, t.d. slik at kjenningar av deg kan slå følgje. (Sjå peikar til heile programmet i menyen under logoen i toppen).

God festivalhelg, og lykke til!

Vist 360 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Veldig bra greier. Og Espen sine klipp av “Tuyas to ektemenn” gir jo endå eit påskot til å bestige endå ein dimensjon; og endå festival.. Dette er jo sosialantropologi på sitt aller beste.. Denne sona, Arild, bør i alle høve bli flittig brukt framover – ikkje minst av alle dei som seier at dei lovar og prisar Førdefestivalen sin eksistens. Ja, så gi den merksemd, gi den grunnlag..

dei mest ihuga festivalgjengarane er no på veg til Førde med fly, buss eller bil, kjempar for å få intrument og artistar gjennom toll og immigrasjonskontor, lagar raspeballar til dugnadsgjengen i Førdehuset, eller heng opp banner og plakatar i Førde sentrum…

Og: Enn så lenge ser vêret ut til å bli bra heilt fram til sundag når dei største utandørstilskipingane er over. Så dette lovar bra!

Mange er på vei til Førde denne helgen, fra inn og utland

Annonse

Nye bilder