På veg mot stjernene. Folkemusikk. Konsert med NORDIC i Fjaler.Les og sjå bilete og filmklipp På Fjaler Origo Så var det slutt...På Facebook ligg det mange flotte bileter og kommentarar frå konsertar og arrangement - logg dykk inn og del med oss - idag let vi bileta få snakke. Og hugs veke 27 i 2011, 2012, 2013 osv. Høgdepunkthar det vore mange av idag. For mange er paraden det, andre har fått eit minne for livet etter ein konsert. Over 200 menneske fekk det då dei høyrde polske Kroke og norsk Tindra i samspel og samsang. Uendeleg vakkert. Publikum røyste seg spontant og gav trampeklapp, og det blei eit ekstranummer. Dette er kjerna i Førdefestivalen - opplevingar for livet.
Strålande medieomtalePresseklippa frå festivalen haglar inn, og sjølvsagt er det mykje fokus på dronninga og barna som møtte henne i Førde. Dronning Sonja var også innom Bondens Marked, og det får spalteplass i Bondebladet. Både lokalavisa Firda og NRK Sogn og Fjordane har lagt ut mange nydlege bileter på nettsidene! Talenta imponerer oss alle, Helgeland Arbeiderblad omtalar Hilde som imponerte dronninga. Musikkbladet Ballade er også på plass i Førde og formidlar kva som er oppgåve til festivalen... I tillegg har me over 50 andre presseklipp frå nasjonale og lokale media, i tillegg til alle bileter som blir lagt ut av publikum på Facebook. For de som ikkje er her, merk veke 27 neste år. Førdekonferansen...Norgespremiere!Utstillinga Tracing freedom opna på Festplassen i Førde idag. Mange interreserte møtte opp for å sjå Tom Hatlestads unike fotoprosjekt. På sporet av fridomFotograf Tom Hatlestad frå Høyanger riggar no opp den unike 25 meter lange fotoutstillinga Tracing Freedom, på Festplassen i Førde. Utstillinga opnar torsdag 8.juli kl. 1130. Kva legg du i omgrepet fridom? Besøk utstillinga og delta i debatten om kva du legg i fridom. Spanande sceneproduksjonFørdefestivalen legg vekt å ha profesjonell sceneproduksjon, og skal bruke lyd, lys og ulike effektar for å gjere opningskonserten best mogeleg. Som bileta viser blir det brukt tre store skjermar under dei store konsertane, og på desse blir det m.a. vist små filmsnuttar som introduksjon til dei ulike artistane. 25meter fridom Fotograf Tom Hatlestad har vore på sporet av fridom, møtt meir enn 100 menneske på ei reise i to kontinent. Utstillinga opnar torsdag 8.juli kl. 1130 av den ikkje heilt ukjende fotografen Oddleif Apneseth, frå Jølster.Alle detaljar må på plassDet er fleire hundre menneske som direkte eller indirekte medverkar til at Førdefestivalen blir ein realitet. Tida før opninga er hektisk, men som på alle dugnader er fellesskapet viktig... Då VG kom til bygdaNår Førdefestivalen 2010 er ferdig har dronninga Sonja vitja oss to gongar, 2004 og iår. VG har besøkt festivalen ein gong. Då kom dei i helikopter og tok bilete av ein hage og noko til... Filmsnuttar på YouTubeI 2009 laga FeberFoto film frå Førdefestivalen, den er på vel 9 minutt. Vi har no delt den opp i mindre sekvensar på rundt eit minutt. Sjå dei fantastiske bileta av munkane på Hafstadfjellet og over til FRIKARs danseshow, til neste filmsnutt på YouTube som viser folkelivet i sentrum
300 frivillige og 5 tilsetteSuksess på FolkJazzScena i Førde
Over 200 fann vegen til FolkJazzScena sin dobbeltkonsert med Majorstuen og Salzumba på Rica Sunnfjord Hotel fredag 5. februar. 10-årsjubilantane Majorstuen rocka med gnistrande spel og ikkje minst profft gjennomført sceneshow. Repertoaret frå den nye plata SKIR, der dei mellom anna har ein låt med namnet Hjelmeseten slo godt an. (Andreas Ljones i Majorstuen komponerte slåtten medan Odd Bjørn Hjelmeset gjekk 5-mila si under OL i Sapporo.) VRAK Arrangørseminar i FørdeFredag 5. og laurdag 6. februar er nesten 70 arrangørar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. samla til arrangørseminar i Førde. Aktuelle tema er bruk av sosiale medier i marknadsføring; korleis nå ut med den glade bodskap; sponsorarbeid og samarbeid. Arild Nybø har akkurat avslutta sitt foredrag om sosiale medier. Snakka mykje om Facebook.. Som har 350 millionar ”innbyggjarar”, og dermed er den 4. største ”samfunnet” i verda. Og det veks framleis. Dialog, er måten å kommunisere med publikum på. Morgondagens brukarar av sosiale medier er ”digitale innfødde”. Heile foredraget hans kan lastast ned her
Årets tema: Fridom og undertrykkingMed temaet fridom og undertrykking set den 21. Førdefestivalen fokus på musikarar som kjempar for menneskerettane sine, og kulturar sin kamp for å overleve. Sjølv i 2010 er det nemleg slik at mange musikarar opplever hindringar mot å utøve musikken sin, og nokre av dei får vi møte på Førdefestivalen i juli. Her kan du lese meir om temaet og sjå kva artistar som no er klare for festivalen. Har du bilete frå Førdefestivalen?Denne Origo-sona for Førdefestivalen vart oppretta like før årets rekordfestival. Ivrigaste bidragsytar hittil har vore Jan Roar S. med både flotte bilete, video og tekst. Trolsk stemning på Jølstramuseet- “Sommarnatt på Jølster”, som ein del av Førdefestivalen, har blitt ein tradisjon, og er eit flott arrangement. Med det veret som var i natt, vart årets sommarnatt ei fantastisk oppleving, skriv Hallstein Dvergsdal. Festivalfrukost med FrikarNokon tek dette med morgongymnastikk særdeles langt ut. Lettare å vere musikkreporter i Førde enn i LondonDen britiske radiokanalen BBC3 sin programvert Fiona Talkington var på Førdekonferansen 2009 utfordra til å snakke om “Norwegian festivals – A United Kingdom perspective”. Førdefestivalen på Origo - sona for festivalvener
Følgt av 44 medlemmar.
Dette er DI sone, anten du er publikum, artist, sponsor, gjest eller interessert i festivalen på andre måtar. Her kan DU diskutere og utveksle minne med andre festivalvener. Last opp bilete, still spørsmål, få tilrådingar, gje ris og ros. Om du kjenner att noko i programmet er det fint om du klikkar på arrangementet og skriv kva DINE opplevingar er med desse utøvarane frå før, eller kva forventningane dine er. Du kan også markere at du skal delta på tilskipinga, t.d. slik at kjenningar av deg kan slå følgje. (Peikarar til programmet og dei offisielle nettsidene med informasjon frå festivalleiinga finn du ovanfor.) Meir om sona Førdefestivalen på Origo - sona for festivalvener er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||